8. juni 2009

Sidan sist...

Sist eg skulle forsøke å oppdatere bloggen, fekk eg ikkje til å legge inn bileta mine. Også har eg bare somla med å få tatt meg saman og få gjort det. Men sidan sist har det blitt ferdigstilling av fleire prosjekt.

For det første har eg strikka ferdig, og ikkje minst montert denne gjengen her frå Drømmehagen. Oppskriftene eg kjøpt på ebay, for dei som lurer og eg har brukt mange ulike typar garn i passande fargar:

Makka-Pakka

Hopsi-Daisy


Hinkel-Pinkel

Og tre tomlingar.

Eg hadde ingen erfaring med figurstrikking, då eg begynte med tomlingane. Og sidan vegen blir til medan ein går og ein lærer så lenge ein lever og så vidare, blei også desse dukkene finare og finare jo lenger ut i rekka eg kom. Eg begynte med tomlingane, og dei ber preg av å vere nybegynnararbeid. Men til neste gong eg skal strikke noko liknande, har eg lært ein del.

For det andre er eg endeleg ferdig med jakka som eg har strikka på det siste halvåret. Mønsteret er henta frå Garnstudio og er plukka ut av ei venninne. Jakka blei heldigvis passeleg til mottakaren, med 5 cm lenger armar enn det som stod i oppskrifta.

Eg har brukt 350 alpakka frå drops og pinne 3,5.

Her er ein detalj frå mønsteret:


Sist men, men ikkje minst må eg bare takke Wigdis for denne koselege awarden eg fekk av henne for 10 dagar sidan. Tusen takk. Eg kan jo tipse lesarane mine om at dersom de følgjer linken over og stikker innom hos Wigdis, har ho ein spennande konkurranse i dag.

7. mai 2009

Dreams of Spring hat

Eg har strikka Dreams of Spring hat designa av Jeanne Stevenson i Drops Silkealpaca. Eg har brukt litt over eit nøste grå og eit halvt nøste rosa.


Det var ei veldig grei lue å strikke for meg som lærer meg mønsterstrikk med to fargar. Og eg ser nå at garnvalet har mykje å seie for om det blir fint eller ikkje. Men eg er såpass fornøgd med resultatet at eg legger ho i gaveskuffa, kor ho kan vente på at det skal bli jul.

4. mai 2009

Det nye badet

Nå er det nye badet endeleg ordentleg nok til at eg kan blogge det. Det har vore i bruk nokre veker, men det har tatt litt tid å få på plass ting i skapa og hyllene. Nå manglar vi bare badekaret som har nokre vekers leveringstid, så er det heilt ferdig. Og det beste av alt: Vi har rive det gamle badet og køyrd det ekle badekaret til søppelplassen!

Vi har vald eit 120 cm breidt Ifö sense underskap, sett samman av modular som er 30+60+30 under vasken. Fronten er Ifö sense frosthvit. Over skapet har vi Ifö Sign heildekkande servant. På det gamle badet hadde vi ikkje plass til tannkosten på benken ved vasken, eingong, så vi er veldig fornøgd med både skapplassen under vasken og benkeplassen rundt vasken. Kranen på vasken er ein Oras Cubista kran.



Eg har tidlegare skrytt av dei lekre flisene vi har vald. Dermed er det nå på tide å vise fram den lekre søppelbøtta frå IKEA som matchar flisene. Vi har også kjøpt eit høgt kjøkkenskap frå IKEA som vi har bygd inne i veggen. Her har vi utruleg mykje oppbevaringsplass. Etter å ha rydda inn alle dei tinga vi ikkje hadde plass til på det gamle badet, har vi framleis mykje skapplass. Så nå lurer eg litt på om vi har overdrive litt andre vegen. Men vi klarer heilt sikkert å fylle opp skapet.

Vaskemaskinen og tørketrommelen har også fått plass på badet, med skittentøysdunkar oppå. Det er kjekt å ha fått dette opp i same etage som vi bur i. Vaskemaskin og tørketrommel er også det einaste som står på golvet. Vask og toalett er veggmontert. Vi håper dette letter reingjeringsjobben framover - for det er vel ingen som liker å skrubbe golvet rundt toalettet. I dusjen har vi Raindance dusjhovud frå Hans Grohe og armatur i same serien som vasken.


Vi er veldig godt fornøgde etter å ha brukt badet i eit par veker. Først og framst fordi det er nok skapplass til at vi kan halde det ryddig og reint, utan at det blir for mykje arbeid. Og om nokre veker kjem det eit Ifö Caribia hjørnebadekar med bobler, som skal stå i det raude hjørnet ved sida av skapet. Eg gleder meg til å ta det i bruk.

6. april 2009

Det er gratis å drøyme

I ettermiddag har eg bladd gjennom Laura Ashley katalogen og her er det mykje fint. Eg har lyst til at eit av dei nye romma våre skal bli bibliotek (og gjesterom). Her vil eg ha bokhyllene mine, ein godstol og eit par av desse lekre lampane

Denne kuleforma pendellampa med blomstermønster, Bluma decorativa ball pendant til £150 ville vore nydeleg å hatt over lesestolen.

Og lesestolen skal vere ein slik brun skinnstol, Upholstery til £1200.

Sannsynlegvis vil eg komme til å ende opp med meir IKEA, A-møbler og Skeidar og mindre Laura Ashley. Men det er heldigvis gratis å drøyme.

3. april 2009

Ferdig med det fæle skjørtet

For eit år sidan begynte eg på eit skjørt i Idena Silkegarn. Dette garnet har vore direkte grusomt å strikke med. Det var hardt og det knirka. Dette har gått ut over motivasjonen til å gjere ferdig skjørtet.

Eg tok utgangspunkt i ei masketala i oppskrift frå eit Idena-hefte, fann ein mønsterraport i "Strikkingens ABC" og sette saman oppskrifta sjølv. Eg hadde trudd eg skulle kunne felle av og ha ein bein kant, men kanten endte opp med å krølle seg. Derfor forsøkte eg å strikke ein blondekant. Denne blei heller ikkje fin, og eg pakka strikketøyet ned i posen sin og la det i ei skuff. Ikkje var garnet godt å jobbe med og ikkje fekk eg til ein fin kant. Det var altså eit ganske håplaust prosjekt heile greia.

I går beit eg tenne saman, fant fram dette håplause prosjektet, rekte opp den fæle blondekanten og kasta restane. Det var ikkje eit slikt garn ein ønsker å ta vare på til seinare bruk.















Etter at eg hadde rekt opp, stod eg igjen og lurte på kva eg skulle finne på med den krøllete kanten. Ribbe- eller blondekant ville ikkje passa, og eg såg ikkje for meg at det skulle bli fint med ein hekla kant heller. Eg fann ut at eg kunne jo gjere eit forsøk på å sy inn den ytterste maska i kanten, slik at eg fekk ein litt tjukkare kant enn avfellingskanten.



















Eg festa den ytterste maska som vist på bileta over, og om eg skal få seie det sjølv blei resultatet ganske vellukka. Kanten krøller seg ikkje lenger, som de ser på biletet under:























Her er det ferdige skjørtet, med rett kant og ferdig festa trådar. Skjørtet faller fint, og kanten ser (foreløpig) ut til å oppføre seg bra. Så gjenstår det å sjå korleis det vil oppføre seg i bruk.

















Og her er eit detaljbilete av mønsteret.

29. mars 2009

Sokkestrikking

Eg har strikka eit par River Rapids Socks, eit av dei mange flotte designa til Sockbug. Sokkane er strikka på pinne 2 i eit Opalgarn eg har mista magebeltet på, så eg veit ikkje så mykje om garnet. Men eg synest det er fine sjatteringar i garnet, i dei ulike bruntonane.

Eg har digre føter. Dette fører til at eg ofte strikker 3 par sokkar til gåveskuffa mi, før eg har eit par som er passeleg til meg sjølv. Dette er litt irriterande i lengda, særleg når eg frys på føtene mine. River Rapid sokkane blei akkurat litt i minste laget. Dei går på, men dei er for stramme til at det er behageleg å ha dei på. Så dei blir lagt til side, til ein gong eg trenger ein presang til nokon med littegranne mindre føter enn
For å få ein slutt på dette med at eg alltid strikker sokkar som blir for små til meg sjølv, brukte eg laurdagskvelden på å lære meg å strikke tå-opp-sokkar. Kaos har laga ein veldig fin tutorial, kor ho forklarer korleis ein kan strikke frå tåa og opp på to rundpinnar. Etter litt pludring med opplegginga og litt hjelp frå denne videoen har eg nå komt godt i gang med tåa mi.

Kameraet mitt er ikkje godt på nærbilete av detaljar, men poenget med biletet over er å vise at eg har strikka rundt og rundt på to rundpinnar. Ein kan seie at ein begynner å strikke i midten, og strikker ut til begge sider, medan masketalet aukast. Etterkvart kan arbeidet brettast dobbelt og ta form av ei sokketå, slik som dette:


Når eg først fekk det til, var det mykje enklare enn eg hadde frykta. Og nå kan eg strikke sokkane mine akkurat passe breie til dei breie føtene mine, og i mykje større grad måle arbeidet på foten undervegs.

Nå er eg i gang med Brainless av Yarnissima (linken krev pålogging på Ravelry), som i følgje namnet og rytktet skal vere ein enkel tå-opp-sokk for nybegynnarar. Så langt går det i alle fall godt!

23. mars 2009

Framdrift

Nå går det framover oppussinga. Badet er snart ferdig flislagt og klar til møblering og vi gleder oss stort til å kunne rive det gamle, rotne, mugne badet!

Golvet blei lagt i går, så det går ikkje an å tråkke på det heilt endå. Men eg må bare vise fram likevel, alle bileta er tatt frå døropninga:


I det hjørnet av badet som er rett fram når ein kikker inn døra, har vi vald å legge 135x135 cm med raude fliser. Her skal vi ha hjørnebadekar, så denne raude veggen vil bli broten og ikkje fullt så dominerande som på biletet. Eg liker godt tanken på å få inn ein kontrastfarge på badet. Det blir fort veldig stusseleg og sterilt med heilt kvitt bad, synest eg. Resten av rommet er kvitt, med ganske store fliser. Dei kvite og raude flisene har ulikt format, dette er også med på å bryte opp veggen litt, og skape litt variasjon.

Til høgre for badekaret skal vi ha toalettet, ein slik modell som henger på veggen.

Resten av rommet er kvitt, med plass til vaskemaskin i hjørnet på skrå ovanfor døra, og dusj i det hjørnet kor de ser sluken. Vi kjem til å legge opp til eit svært enkelt dusjhjørne med glassdører. På den veggen vi ikkje ser (fordi eg ikkje kan tråkke på golvflisene endå) skal vi ha vask og skap.

Og det nylagte golvet ser du her:


Golvet er i naturstein, flisene har same storleik som brostein. Eg liker desse steinane veldig godt. Kontrastane mellom den litt grove overflata på steinane på golvet og dei blanke flisene på veggane blei akkurat så vellukka som eg hadde sett for meg, då flisene kom på golvet. Og då er det inga grunn til å klage.

Desse steinane har ganske ru overflate, dei skal visst impregnerast nokre gonger i starten, men likevel blir ikkje steingolv like glatt som keramikkfliser. Og det kan jo vere ein fordel. Men eg er litt spendt på korleis desse blir å halde reine. Det er jo ujamne overflater, så det vil nok kreve litt meir skrubbing enn eit glatt golv. Men kva gjer vel det, så lenge det ser bra ut?